Jazzmusiker Siril Malmedal Hauges nye soloprosjekt henter inspirasjon fra både folk-, jazz- og pop-musikk. 1. februar kom albumet Uncharted Territory. – Eg kunne synge før eg kunne prate, forteller hun.
/ 15/02/2019 / Kristian DugstadNavn: Siril Malmedal Hauge
Alder: 26
Aktuell med: Nytt album «Uncharted Territory»
TONO-medlem siden: 2013
Foto: Evelyn Lee.
Hva er din musikalske bakgrunn?
Eg vaks opp i ein musikalsk familie i ei musikalsk bygd, Langevåg i Sula, og sang før eg kunne snakke. Eg starta med pianoundervisning då eg var 8 år, og spelte fløyte i korps frå eg var 10. Etterkvart gjekk eg musikklinje i Ålesund med vokal som instrument, jazzlinja på Sund Folkehøgskule og så jazzlinja på NTNU i Trondheim. Eg har alltid likt å halde på med musikk. I ulike former, på fleire instrument og i forskjellige prosjekt.
Hva het den første låten du noen gang skrev, og hva handler den om?
Den første låten eg laga heite «Pitten, pitten, pitten». «Pitten» betyr «fisken», og handla om ein plast-fisk eg fekk til å ha i badekaret då eg var lita. Eg kunne synge før eg kunne å prate skikkelig. Det trur eg må være mi aller aller første egne låt.
Hvordan jobber du i dag? Hvordan oppstår musikken din?
Eg går ofte å kverner på idear. Nokre blir raskt til meir enn ein idé, med struktur og form, medan andre kan kverne lenge før dei eventuelt vert brukt til noko. Eg er stor fan av opptaker, og har alltid den på nattbordet. Med jevne mellomrom hører eg gjennom opptaka, der det kan dukke opp ting eg kan tenke meg å bruke. Eg liker godt å skrive musikk til klingande lyd, og gjer mykje av det ved bruk av enten piano, stemme eller andre instrument. Ofte startar det med improvisasjon, før det eventuelt blir noko fastere.
Hvordan ble artisten Siril til?
Sett vekk i fra ei lita periode i barndommen (då eg ville bli «hundepasser») har eg tenkt at eg skulle bli musiker.
Fortell om den seneste utgivelsen din?
Musikken på «Uncharted Territory» skreiv eg hausten 2016. Eg hadde lyst å skrive ny musikk for det ensemblet som er med på plata. Tittelen handler om det å gå inn i noko nytt. Som for eksempel at eg for første gang losa eit prosjekt under eige namn, med eigen musikk og tekstar, og gjorde også produksjonen i studio. Musikarane er Torgeir Standal – gitar, Kjetil Mulelid – piano, Martin Myhre Olsen – sax, Martin Morland – bass, Henrik Lødøen – trommer, Kaja Pettersen – cello, Isa Carline Holmesland – bratsj og Adrian Waade – fiolin som har forvalta musikken, komt med sine stemmer, og løfta den til nye høgder. Albumet er tatt opp på teip i Athletic Sound Studio i Halden, med tekniker Dag Erik Johansen. Den vart utgitt på plateselskapet Jazzland Recordings 1 februar. Eg har jobba lenge med denne produksjonen, og gleder meg stort til å spele konsertar med det bandet her framover.
Hva jobber du med nå? Hva bringer 2019 for deg?
No jobber eg mest med soloprosjektet mitt. Har ein del planer for 2019 for det, og skriver ny musikk. Vi skal også turnere med prosjektet, og eg gleder meg til å få spille meir med det framover.
Hva er karrierehøydepunktet ditt så langt?
Eg vil seie at det er ein sum av mange ulike høgdepunkt. 2018 var eit fantastisk år for meg på mange måtar, og eg fekk gjere utrulig mykje fint. Eg var med på plateutgivelser med 6 ulike prosjekt, og spelte veldig mange fine konsertar.
2019 har også hatt ein knallstart, og albumet mitt har fått fantastisk mykje gode tilbakemeldingar. Det er veldig stas!
Har du et instrument eller annet utstyr som er uunnværlig i skriveprosessen?
Piano har ofte vært min faste følgesvenn i komponeringa. Og opptakaren.
Hva gjør du når du ikke lager musikk?
Liker å være ute i naturen, eller lage mat. Helst i lag med folk eg likar. Då har eg det fint.
Hva er den største musikkopplevelsen din?
Eg vil trekke fram Molde Jazzfestival som ein viktig leverandør av mange store fine musikkopplevingar for meg gjennom oppveksten. Har vore på festivalen nesten kvart år frå eg var lita, og spelte i paradebandet under festivalen. Noko som gjorde at eg ofte hadde festivalpass heile veka og kunne dra på så mange konsertar eg berre orka. Der var det eit eldorado at inntrykk, både på konsert , før/etter konsertar, jam og møter med folk.
Er det noe vi burde ha spurt deg om?
Har du eit musikktips?
Og hva er svaret på det spørsmålet?
Emilie Storaas – Slow Girl